FRAMSIDA   BØKER    SOLUNDARKIVET     KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO


epost: post@solund-sogelag.no
Ein del av menytekstane oppe på dei gamle sidene er ute av drift. 
Har nokon stoff som vi kan bruke så kom med det, kanskje brukar vi det her eller i eit sogeskrift.
Helsing  webansvarleg Finn J Hugøy
Arkivet   (sjå også under sida til Krambua, Indrøy og Lokalsoga)


I Solund er no komme informasjonsplater på tre av dei fire viktigaste vaktstasjonane som tyskarane hadde i kommunen under siste verdskrigen. 
Minnemarkering i Ospa 5 år etter.
Bokslepp 2007.
Femårsjubileum og kulturkveld for Solund Sogelag.



Solund kyrkje er i år 150 år. Sogelaget held på med innsamling av stoff til ei jubileumsbok. Bak i boka vil me ha med så mange konfirmasjonsbilete som råd er. Til no har me fått tak i nær 60 bilete, men det finst heilt sikkert fleire. Ta ein titt i fotoalbumen eller i fotobunken og gje tilbakemelding om slike finst.
Det siste biletet som kom er frå 1927, men me er  usikre på namna. Kan nokon hjelpe oss?






Indrøy handelstad si side.    Oppdatert 18/8 2010.


Siste oppdatering: 24.08.2010
Webkamera Dalesund
Bilete vert bytta ut ca kvar 5 min. i dagslys.
Ynskjer de kun bilete så bruk "denne".
Webmaster.

Etterrakst for sogeskrift 2009:
Andreas Færøy er så lei seg for å ha mist eit ikkje i manuset som vart trykt i Solund sogeskrift 2009.
Teksten får motsett innhald, og han ynskjer at vi prøver rette opp dette.
_Det fiksar du som har boka, veldig lett: Slå opp på side 9. I første spalta, andre avsnitt set du inn ikkje:
I skulealderen merka han snart at han var ikkje heilt på høgd med ----
Krambua Hersvik
er i 2010 open kvar laurdag
kl 11.30 - 15.00
frå 15. mai og ut august.
Sjå plakat

Starten på Solund gards og ættesoge.
Det er i år 100 år sidan Vilhelm Karlson Leknesund vart fødd.
Alf Steinsøy skriv:
Han reiste til sjøs i 1937. Sesongen 1939/40 hadde han hyre på kvalkokeriet Terje Viken. Det var heldig og kom i hamn i England i 1940. Vilhelm tok styrmannspantet i England same året, og reiste deretter i den norske handelsflåten under krigen og til 1948. Då han kom heimatt det året tok han skipperskulen i Farsund, reiste deretter til Statane, kor han vitja den store nærskylde slekta. Han skipra desse åra båtar registra under latin-amerikanske flagg.
I 1952 var han heime og tok då til å granske i Statsarkivet etter si eiga slekt. Og noko viare ogso. Han reiste utatt året etter, men i 1958 slutta han sjøen for godt og tok opp arkivskrivinga å seia året rundt. I dei fyljande åra skreiv han av det meste av stoffet som fanst i Statsarkivet og Riksarkivet, Oslo, som vedkom Solund herad. Dei siste åra hadde bygdeboknemnda avtale med hono, fyremålet med arbeidet var då klårt. I den tida sette han opp mange ættekronikkar åt ymse folk.
Då han dø uventa ved jul 1972 var han tiltenkt å ordna stoffet til bruk. T.d. var alt pantebokstoffet oppattskreve på kartotekkort i kronologisk orden for kvar gard. Handskrifta er like grei å lese som maskinskrift.
Det aller meste av arbeidet hans var utan godtgjersle og på eigen kostnad.

Det var Alf Steinsøy som stod for arbeidet med å få dette over i bokform slik vi kjenner det i dag.

Krambua på Hersvik si side. Oppdatert 19/08    2010.

Familiedag på Indrøy Handelsstad Laurdag 21 aug. kl 1400-1700. info.

Medlemsinformasjon 2010. infoark.

Under sida "Krambua på Hersvik" er det no lagt inn litt om kaidagen i år.
Solundkalenderen 2011
Så er den sjuande "solundkalenderen" komen i sal.
Dei 25 bilete har ei spennvidde i emne og år. Bilettekstane er  som tidlegare skrivne av Hans H. Steinsund. Bileta er tilrettelagde av Finn Jonny Hugøy og Magne Hamre. Ein god del av bileta er henta frå Solundarkivet som til no inneheld kring 2500 bilete. Solundkalendere 2011 kan kjøpast på butikkane, eller tingast hjå oss her.