Krambua Hersvik

Vellykka Kaidag på Hersvik 

Atter en vellykka Kaidag 2016 er til endes, fram mot et 200 tals personer var innom og skapte ein festdag.
Fiskekummen med alt det rare i, fisk og sjødyr av alle slag, var forvitnelig for dei minste. Medalje av edleste sort for dei av borna som viste navn på det meste var gjevt å få.
Den store konkurransen i Vavottekasting fikk fram konkurranseinstinktet til både store og små. Audun Tveranger fikk opp et kjempekast på heile 41 meter og med det sikra seg tittel som Solundmeister 2016. Dette er og ny rekord med god margin.
Av damene var det Merete Engelsen som smeldte til med et kast på heile 27 meter og med dette Solundmeister i sin klasse.
I den yngre klassen var det Erlend Hersvik med 20 meter og Oda Hersvik med 15 meter som drog av med seieren i sin klasse, med Kasper Engelsen berre ei hårsbredde bak. Alle verdige Solundmeister i denne krevjande tevlinga som avslørte stor variasjon i kasteteknikker.
Kjekt var det og for dei som berre sat ved buaveggen i det vakre sommarværet og meska seg med den gode rømmegrauten som Inge Hugøy serverte, eller dei velsmakande svelene som Alfhild Steinsøy diska opp med.
Dette er et årlig arrangement som tar sikte på å samle bygdefolket og dei som har tilknytning til Solund, det er alltid godt å komme i sammen å mimre litt. Det er og et høve til å støtte opp om det arbeide som føregår med å restaurere den gamle handelsstaden, att interessa er stor viser den fine brutto summen som i år blei heile kr 15000,- ei stor takk til alle som møtte opp og ikkje minst dei som stilte opp til denne dugnadsjobben.
Krambunemda vil og rette ei stor takk til Solund kommune som har oppført et nytt toalettanlegg på kaia, til glede for alle oss trengjande.



DSC 2768

Etter snart 10 år med stort dugnadsarbeid på dei gamle buene i hamna på Hersvik, ser ein i dag resultatet av korleis denne stor bygningsmassen vil verte sjåande ut for framtidige generasjoner. Det heile starta med ein ide frå Sigmund Tveranger om å ta i bruk desse buene til noko nyttig, i staden for at dei framleis skulle verte ståande ubrukte. Eigar, Jorunn Færøy tende på ideen og avtale vart skrive mellom Solund sogelag og Jorunn Færøy. Ein stor innsats frå sogelagets side er gjort for å få tak i tilgjengelege midlar til dette arbeidet. Restaurering vart i mars månad 2015 sett i gong av Nilsbua, der ein no har fått oppatt røyse på bua slik det ein gong var. I dag står den der som ei pryd for auga nede i hamna. Taket på nore bua er skifta og begge buene er no for første gong på mange tiår, tette. Nye løyvingar vil verte søkt om slik at ein får nore bua i ei slik stand at begge buene vert ståande som eit vitnesbyrd på det som våre forfedre nytta seg av av tilgjengelege midler for å få opp eit slikt byggverk. Den viktigaste årsaka til at dette kunne late seg realisere så langt er den store innsatsen som er gjort av utallige menneske i lokalsamfunnet som har hatt same mål for auga, ein stad og samlast og ein stad for å ta vare på gamle reidskaper, bruksgjenstander og fiskereidskaper som vart nytta i det daglege tidlegare. Samt, samlast til den gode praten i kafeen på bua og la drøsen gå om tidlegare generasjona og tider som ein gong var. Når ein skal takke alle dei som har gjort dette muleg, så er det vanskeleg å nemne namn. Enkelte har gjort ein kjempeinnsats heile tida, andre har ikkje hatt like stort høve til det i same grad. Uansett, verdien av at den enkelte har stilt opp når dei er blitt spurt, har vert avgjerande for at arbeidet med buene er kome så langt. Eg vil med dette rette ei stor takk til kvar enkelt som har stått på på ulikt vis for å gjere dette mogeleg. 

Utan denne innsatsen hadde det ikkje vore mogeleg og fått til. Takk!

Bergen 10.08.2015  for buanemnda   Inge M Hugøy

________________________________________________________________________________________

Sesongslutt Krambua

Tekst og foto: Inge Hugøy

Skjermbilde 2015-08-17 kl. 20.42.28


Flott avsluttning på sesongen på krambua i dag. Fin temperatur og lett regn. Ekstra flott vart det då Gartneriet v/Rolf Eide stilte på kort varsel med eit rikholdigt utvalg med stauder og flotte høstblomster.
Her kunne besøkande snope planter over "ein lav sko". Godt 30 besøkande til krambua i dag der det vart servert kaffi og lapper, samt rømnegraut med spekepølse.Praten gjekk lett på krambua som vanleg er. Kjekk stund saman med naboar og kjende.   


Skjermbilde 2015-08-17 kl. 20.45.26





________________________________________________________________________________________

Frivilleg innsats gjorde det mogleg å starte eit omfattande restaure-ringarbeid i Hersvik-bygda i mars 2015. Les resten her.

Kaidag i Hersvikbygda 2015.    Sjå avisa Firda.

________________________________________________________________

Jonsokfeiring Hersvikbygda 2015.

 Tekst og foto: F. Hugøy.

Laurdagen kom med sol og ein lett bris frå nord, dette heldt han seg med heile dagen.

Alle var klar for opning av krambua etter den store omvølinga utvendig. Dette har medført mykje flytting innvendig. Men med gode hjelparar som har helde på i mange år ordna dette seg og, til denne dagen. Ca 50 personar var innom denne ettermiddagen.





Alt av fiskereiskap var hengt pent og oversikteleg opp. Bord og benkar sett utover, både inne og ute.


Inne i sjølve krambua var det sett fram dekketøy og andre bruksgjenstandar frå eldre tider. Merkevare frå den gang kjende fabrikkar. Vart kun vart sett på bordet i spesielle høve.






Som vanlig vart da servert rømmegraut av beste slag, laga av folk som har gjort slik ein manns, kvinnealder. Noko kallorifattigdom er det ikkje snakk om i slike høve. Vaflar og kaffi til dessert høyrer og med. 

Hildur Stølsvik og Helga Saltskår i sving med grauten.




Drøsen gjekk lett langs borda, gamal og ny tid vart drøfta. Andre studerte detaljane i arbeidet som var utført på bygningane. For å få den rette stemninga i sjøbumiljøet hadde Jorunn Færøy teke fram kjørespann og kost å gått laus på den gamle færinge frå Tveranger. 

Jan Hagen, Arvid og Rigmor Hugøy




                                   

__________________________________________________________________________________________


                                             

post@solund-sogelag.no